Om oss

Lars Gunnar Jansen er dagleg leiar i Ullestad og Jansen Transport AS. (Foto: Morten Hetland/Hetland Media)

Lars Gunnar Jansen er dagleg leiar i Ullestad og Jansen Transport AS. (Foto: Morten Hetland/Hetland Media)

I 1986 gjekk Lars Gunnar Jansen og Oddbjørn Ullestad saman om å starta Ullestad og Jansen Transport.

Selskapet starta opp med to kraftfôrbilar. Fire år seinare blei bedrifta registrert som aksjeselskap, og drifta blei etter kvart utvida med fleire lastebilar; først kranbil og deretter trailerar for langtransport.

Nokre år seinare blei Oddbjørn Ullestad kjøpt ut, og Lars Gunnar har sidan den gongen drive familiebedrifta saman med kona Aslaug.

Heile tida har Lars Gunnar vore oppteken av å justera tenestetilbodet etter kva marknaden ynskjer, så i år 2000, då Ullestad og Jansen Transport AS endeleg kunne flytta inn i nye verkstad- og administrasjonslokale på Viganeset, utvida selskapet med eiga entreprenøravdeling.

I dag sysselset Ullestad og Jansen Transport AS sju tilsette i transportavdelinga og seks tilsette i entreprenøravdelinga, i tillegg til éi stilling som kontorsjef.

– No kan me ta på oss mange typar oppdrag innan entreprenørtenester; alt frå graving, transport, vegbygging, vatn og avløp, opparbeiding av tomter, brøyting, samt sommar- og vintervedlikehald av vegar. Innan transport tilbyr me langtransport – stort sett i aksen Stavanger–Oslo – kranbilkjøring, massetransport, krokløftbil til frakt av trelast, gjødsel og kraftfôr, samt transport av kraftfôrvarer i bulk og sekk frå Strand i sør, via Hjelmeland og Suldal, til Røldal i nord, fortel dagleg leiar Lars Gunnar Jansen.